Meny
Be om tilbod

Verket

Gå tilbake

I 2017 flytta GB ut frå sine lokale på Vabakkjen. Huseigar meinte lokala var gått ut på dato. Det vart vedteke at GB skulle flytte inn i nye lokale på Heiane. Samstundes var det nettopp GB som fekk jobben med å rehabilitere dei gamle lokala. Eksisterande romløysingar var historie, og det same var alt av interiør. Den nye leigetakaren Atheno ynskte å skape eit topp moderne kontormiljø og møteplass for gründerar og etablerte bedrifter. Og slik er det blitt. Me vågar påstanden om at dette er det stiligaste kontormiljøet mellom Bergen og Stavanger.

I januar 2019 avslutta me arbeidet med rehabilitering av etasjen under Atheno også. Me er stolte av den jobben me har utflørt på Verket, og audmjuke over dei gode attendemeldingane me har fått frå brukarane av bygget. På Verket er det mykje positivitet og inkludering, så du må gjerne ta ein kikk innom for å sjå sjølv!

Be om tilbod